Ettertanke
Undarleg det er å leva på ein gamal ættegard Vita at i all mi ferd eg går i fedres fotefar Ofte kjenner eg meg liten når eg i mi gjerning gjeng Men eg er ein ledd av kjeden i den store samanheng
Ofte tenkjer eg på kvinnene som var her føre meg Korleis levde dei sitt liv, eg går jo her i deira steg Alt av omsorg for dei mange, det er kvinnas lodd på jord Stryka mjuke barnekinn, gi ein gamal trøystens ord
Korleis var den første mannen som rydda tufter her Ein ”Isak Sellanrå” i tresko og med slitte vadmelsklær Han kom nok hit om våren når morgonsola skein Med heggeduft og fuglesong og doggdropar på grein
Og kvinna ved hans sida var nok ung og sterk og glad Ho hadde mot og vilje til de tunge tak å ta Eg ser så mange merke etter åkerreiner her Om dei kunne fortelja – men dei evig tause er
Slekt har fulgt i slekters gang i tidene som svann I ærlig arbeid gjekk dei til dei siste kvila fann Om steinar kunne tala ville det ein preken bli Om trauste menn og kvinner fra den til som er forbi
- Sigrid Lien -
|
|
Mydland Gard arrangerer turer langs barnevandrerstien! Les mer her!
Siste nytt fra Mydland Gard
|
I sommerferien (uke 28 til 32, dvs. 14., 18., 21., 25. og 28.07, 01., 04., 08., 11. og 15.08) har vi åpent onsdag kveld fra 18.30 og søndag ettermiddag fra kl. 14.
|
|
Les mer!
|
|
|
Mer info om barnevandring |
|
|
Du finner mer informasjon om barnevadrerstien på Kulturminneløypa.no |
| |
|
|
|
|
|